Skada eller skadd, lada eller ladd på nynorsk?

Kva heiter skade og lade i partisipp på nynorsk?

Svar

Tradisjonelt heiter det skadd (fleiral skadde), men skada vart teke inn og jamstilt i 2012 saman med lada for ladd(e).

Skada og lada er ubøyelege. Skadd/ladd kan ein bruke ubøygd dersom ein ikkje samsvarsbøyer svake verb. Men brukar ein samsvarsbøying, må ein skrive:

han/ho er skadd
det er skadd (eller skadt)
dei er skadde

pistolen/børsa er ladd
geværet/batteriet er ladd (eller ladt)
batteria er ladde

Det same gjeld etter andre former av hjelpeverb (var, blir, blei, vart osb.).

Om ein skriv skadd og ladd etter det tradisjonelle mønsteret, må ein bøye orda som e-verb heile vegen, slik:

å skada/skade – skader – skadde – har skadd (eller skadt)
å lada/lade – lader – ladde – har ladd (eller ladt)

Til slutt må vi nemne stuttformene ska og la. Dei har i mange hundre år vore dei naturlege talemålsformene i dei fleste dialektane rundt omkring i landet. Ein grunn til at dei er lite nytta i skrift no, er truleg at presens skar og lar minner om former av andre verb, men hovudgrunnen er nok bokmålspåverknad og nyare skriftuttale av skade og lade med d-lyd. Ein kan rekne spa og la som uttalevariantar av skade og lade (med stum d), men ein kan altså òg bruke dei i skrift.

Ein nær parallell er forresten å spa, som er lett å bøye: jorda er spadd, potetene vart spadde opp.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:17.09.2021 | Oppdatert:30.03.2023