Sjåast eller sest?

Heiter det vi sjåast eller vi sest på nynorsk? Det verkar som om sjåast er det vanlege?

Svar

Det heiter «vi sest», om ein først skal bruke dette verbet. Vi sjåast er blitt så vanleg dei siste tiåra at det verkar naturleg på mange, men opphavet er ei direkte (feil)omsetjing frå bokmål.

Vi kan kaste eit blikk på bøyinga av verbet som ligg til grunn, altså å sjå. Nedanfor har vi sett det resiproke st-verbet opp under dei tilsvarande aktive formene:

å sjå      – ser   – såg
å sjåast – sest – sågst

Sest svarer til presens ser og tyder ‘ser kvarandre‘.

Å sjåast er infinitiv, som å sjå

Å skrive sjåast i presens er i prinsippet som å skrive *sjår, som er ein typisk sidemålsfeil. Men presens sjåast verkar ikkje som ein like grov feil. Grunnen til det er nok at sjåast er ei korrekt form i og for seg – vel å merke i infinitiv, etter hjelpeverb, som her: «Skal vi aldri sjåast att?» og «Oppdrettsanlegget kan sjåast frå ferja».) Den velkjende klangen har letta spreiinga av «vi sjåast».

Bokmålssystemet

Merk at bokmål ikkje skil mellom infinitiv og presens av st-verbet:

å se       – ser   – så
å se(e)s – se(e)s – sås

Vi sjåast speglar bokmålssystemet ved hjelp av ei hypernynorsk form. Merk at sees har vore vanlegare enn ses, så det ligg òg eit tostavingsmønster under og fremjar sjåast på kostnad av sest.

Nyare frase i nynorsken og dialektane

I dei få dialektane som har hatt fleirtalsbøying av verb i nyare tid (jf. me koma, me sjå) kunne ein vente presens sjåast i dette uttrykket, sidan det er to eller fleire som ser kvarandre. Islandsk har såleis forma sjáumst ‘vi sest’ fordi ‘vi ser’ heiter sjáum, i kontrast til sé ‘eg ser. Men ein finn ikkje noko slikt i norsk målføretradisjon. Ein viktig grunn til det er at heile avskilsfrasen er meir eller mindre lånt frå bokmål. På bygdene før sa ein heller t.d. vi snakkast eller talast enn vi sest.

Formuleringa «vi *sjåast» tok til å gjere seg gjeldande på trykk først 1970-åra, m.a. i omsetjingar. No har ho rokke å bli morsmål for mange språkbrukarar fødde i 1960-åra og seinare.

Ein lengre artikkel og eit godt døme

Ein lengre artikkel om emnet har stått i Språknytt.

Til slutt eit godt døme på rett bruk av det resiproke verbet:

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter