Sitat i sitat

Korleis skal ein markere eit sitat inni eit anna sitat?

Svar

Eit sitat bør helst markerast med enkle hermeteikn når det står inni eit anna sitat.

Sitat markerer vi no til vanleg med hermeteikna « » eller “ ”. Stundom ser ein tommeteikna " ", som er feil.

Dette er rett:

Han sa: «No må de kome og ete middag.»

Eit sitat som står inni eit anna sitat, blir markert med enkle hermeteikn, vanlegvis ‘ og ’.

«Kven var det som sa ‘velkomen heim’?» spurde Guro.
“Kven var det som sa ‘velkomen heim’?” spurde Guro.

Same regelen gjeld også i andre tilfelle der noko som normalt ville stått i hermeteikn, står inni eit sitat:

«Vi skal setje opp ‘Peer Gynt’ », sa han.

“Vi skal setje opp ‘Peer Gynt’ ”, sa han.

Der eit dobbelt teikn står inntil eit enkelt, bør det vera eit såkalla tynt mellomrom: U+2009​ (MS Word, tast: 2009, Alt+x).

Vinklar i staden

Enkle vinklar er mindre brukt, men heng historisk og estetisk saman med dei doble og kan gjerne brukast. Merk at det ikkje er tale om dei vanlege vinklane på tastaturet, men eit anna teiknpar, som kan lagast på denne måten: 

  • venstre: U+2039 (MS Word: tast 2039 og Alt+x)
  • høgre: ​U+203a (MS Word: tast 203a og Alt+x)

Slik ser det ut:

«Kven var det som sa ​‹velkomen heim›?» spurde Guro.
«Vi skal setje opp ​‹Peer Gynt› », sa han.

Les meir om bruk av hermeteikn på nettsidene til Språkrådet. Ei fyldigare framstilling finn du i artikkelen «Gåseaugo: nokre synspunkt på sitatteikn i norsk og andre språk».

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter