Shoppingsenter
Kva er det norske ordet som skal brukast i staden for shoppingsenter?
Språkrådet har før tilrådd butikksenter, men kjøpesenter har vunne fram, og det er heilt i orden.
I Norsk markedsføringsordbok (1981), utarbeidd av ei nemnd med representantar for Statistisk sentralbyrå, Noregs Handelshøgskole og Norsk språkråd, står butikksenter som norsk term for shopping center.
Nedanfor er resultatet av eit søk i aviskjelder på nb.no (NB n-gram).
Fyrste belegg på butikksenter er frå 1944, fyrste belegg på kjøpesenter er frå 1953.
Fleire av kjøpesentra har storsenter i namnet.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).