Samsvarsbøying av svake partisipp av sterke verb (gitt, tatt, gått osb.)

Eg blir ikkje klok på om det heiter at dei er gitt eller gidd eller gitte eller gidde! I ei ordbok eg har, står det forsyne meg at bedde, tadde, slådde, stådde og gådde er moglege fleirtalsformer. Men det kan då ikkje heite at varene er gådde ut på dato?

Svar

Dei gjeldande reglane er enkle. Det heiter berre: det/han/ho/dei er gått.

Som det står i punkt 3.5.2 i nynorskrettskrivinga frå 2012: «Desse supinumsformene skal ikkje ha samsvarbøying: blitt, dradd/dratt, fått, gitt, gått, latt, sett, slått, stått, tatt.» (Sett er altså her supinum av å sjå, ikkje av å setja.)

Altså til dømes:

Varene som vart gitt i gåve, er utgått på dato.

Når partisippet står føre substantivet, lyt vi sjølvsagt setje -e etter, som i utgåtte varer. Merk at det då er -tt- som gjeld.

Det tidlegare overgangssystemet

Fram til 2012 kunne ein bøye slik:

han/ho er utgådd − dei er utgådde 

og så bortetter (bortsett frå i partisipp av å bli og å la). Det stemte med samsvarsbøyinga i svake verb, som har -d(d) i hankjønn og hokjønn og -d(d)e i fleirtal:

han/ho vart rodd – dei vart rodde over vatnet

Men slike bøygde svake former som gidde osb. vart lite nytta i skrift. Ein grunn er nok at dei dialektane som har mest svake former som gitt, tatt og gått (i staden for dei sterke formene gjeve, teke og gjenge) statistisk har mindre samsvarsbøying i det heile. Dei bøygde formene vart aldri godt innarbeidde.

Det gamle sterke systemet

I meir tradisjonell nynorsk har sterke verb berre sterke partisipp, dvs. at dei sluttar på -e(n) i staden for -d eller -t. Nyttar ein slike partisipp, lyt ein samsvarsbøya:

det er gjeve – han/ho er gjeven – dei er gjevne
det er slege – han/ho er slegen – dei er slegne
det er bede – han/ho er beden – dei er bedne
før òg: det er gjenge – han/ho er gjengen – dei er gjengne

Sterkt partisipp av å gå er ute av rettskrivinga og sjeldan i dialektane no. Det heiter difor:

Varene som vart gjevne/gitt i gåve, er utgått på dato.

I tillegg hadde vi desse (svake) partisippformene av å sjå fram til 2012:

det er sett – han/ho er sedd – dei er sedde

 (No heiter det berre settsette, som i partisipp av å setja.)

Ein avgjer sjølv kva for sterke partisipp innanfor rettskrivinga ein skal nytta, men ein lyt vera konsekvent med kvart verb.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.04.2016 | Oppdatert:24.04.2024