Remake

Eg les denne setninga på Internett: «Filmen er ein remake av Wes Cravens kultklassikar frå 1977.» Finst det eit norsk ord for det engelske remake – og helst ikkje for langt?

Svar

Her skulle nyinnspeling vere dekkjande, og nyinnspilling på bokmål.

Substantivet remake blir nytta i litt ulike tydingar. Det kan dreie seg om nye versjonar av spel som liknar eller skal likne på gamle versjonar, om filmar som er spelte inn på nytt, osv. Andre gonger kan det difor høve med omarbeiding, omlaging, nylaging, nytolking, ny versjon eller anna.

Eit ord som dekkjer alle nyansar, er vanskeleg å finne. Steinar Schjøtts engelsk-norske ordbok har berre verbet remake, med omsetjingane laga (skapa, gjera) om att, medan andre ordbøker gjerne har lage på ny(tt). Av dette får vi omlaging og nylaging, men det er kanskje for langt? Vi må visst ty til -gjerd for å få det stutt nok. I tradisjonelt mål fanst oppattgjerd (jf. å gjera noko opp att), men det er jo like langt. Nygjerd og omgjerd er derimot like stutte som remake, men alle desse orda på -gjerd har hatt andre tydingsnyansar før, og få vil bruke slike ord i dag.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter