Reglar for forbokstavord som PC, TV, NATO og FN

Kva er reglane for store og små bokstavar i forbokstavord?

Svar

Vi må skilje mellom ulike slags forbokstavord (initialord).

Særnamn uttalte bokstav for bokstav: store

Forkortingar for særnamn (eigennamn) blir oftast skrivne med store bokstavar:

Dei sameinte nasjonane > SN (eller FN, av De forente nasjoner)
Norsk rikskringkasting
> NRK

Slike forkortingar les vi bokstav for bokstav: ess-enn, eff-enn, enn-err-kå.

Særnamn uttalte i eitt: store/små

Særnamn i form av forbokstavord som kan lesast i eitt (akronym), kan skrivast på to måtar:

North Atlantic Treaty Organization > NATO eller Nato
UNESCO/Unesco

Genitiv

I genitiv legg vi ein liten s til:

FNs, NRKs, NATOs eller Natos, UNESCOs eller Unescos

Samnamn: store/små

Forbokstavord som er samnamn (fellesnamn), kan skrivast med store eller små bokstavar:

BH/bh (eventuelt behå), CD/cd, EDB/edb, ENØK/enøk, LP/lp, PC/pc, TV/tv, WC/wc

Språkrådet har tilrådd små bokstavar, mellom anna fordi det da er lettare å skilje forkortingane frå særnamn. Men ord som i prinsippet kan − men ikkje bør − lesast i eitt (som IT, IKT og ID), kan ein i alle tilfelle gjerne skrive med store bokstavar.

Det finst unnatak, som AS, ISBN, PR og nokre andre. SMS skulle i prinsippet gå som TV/tv, men førebels står det berre med store bokstavar i ordbøkene; slik held det òg betre avstand til sms. (med punktum) i tydinga ‘samansetning’.

Bøying

Merk bøyingsformene av ord som pc, tv, cd-rom:

pc-en – pc-ar – pc-ane
PC-en – PC-ar – PC-ane
(ikkje: pc'en eller pcen eller PC'en eller PCen osv.)

cd-rom-en – cd-rom-ar – cd-rom-ane
CD-ROM-en – CD-ROM-ar – CD-ROM-ane

I slike samnamn får vi apostrof før genitivs-s: ein pc's yting.

Samansetning

Forbokstavord som ikkje er akronym, får bindestrek i samansetningar:

sommar-OL, FN-vedtak, farge-TV eller farge-tv, PC-kjøp eller pc-kjøp

Forbokstavord som er blitt vanlege ord

Ein del opphavlege forbokstavord har fest seg i norsk som vanlege ord, til dømes japp (av YAP ‘Young Aspiring Professionals’), laser, radar. Slike ord blir bøygde og samansette på vanleg måte: ein jappjappenjapparjappane, laserskrivar, radarstasjon.

Unnatak

Reglane ovanfor er etter den gjeldande offisielle rettskrivinga. Private institusjonar og firma rår sjølv over namna sine og kan avgjere korleis eventuelle forkortingar skal skrivast. Eit døme er DnB for Den norske Bank (ein arv frå DnC for Den norske Creditbank), som forresten vart endra til DNB i 2011. Eit anna døme er partinamn, som KrF.

Innanfor fysikk og kjemi finn vi viktige internasjonale unnatak som dB og pH, og dessutan har heile feltet forsking og utvikling fått lov til å skilje seg frå hovudreglane med forkortinga FoU.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter