Regissør – uttale
Kva er korrekt uttale av ordet regissør? Ein kan høyre både /resjisør/ og /resisjør/.
Svar
Det heiter /resjisør/.
Det er det franske lånordet regi som utgjer fyrste delen av ordet. Det er lang tradisjon for å uttale denne g-en med sj-lyd etter fransk mønster. Men ingen seier /resi/.
Den range uttalen /resisjør/ er nok lettare å få til for nordmenn, men han heng så dårleg saman med skriftbiletet at vi må rå ifrå å bruka han.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).