Rasjonale
Eg arbeider i Forsvaret, der ordet rasjonale i den seinare tid er vorte litt av eit moteord. Trengst det i norsk, eller er det berre jåleri?
Den kraftige oppblomstringa av ordet rasjonale frå og med nittiåra kan tyde på at det ofte blir brukt utan at det er heilt naudsynt, for sjølve omgrepet bak er ikkje det minste nytt. Når «rasjonalet bak» berre tyder ‘grunnen til’, ‘grunnlaget for’, ‘grunngjevinga/begrunnelsen for’ eller ‘tanken bak’, ser vi ingen grunn til å bruke noko anna enn desse vanlegare uttrykka.
Men i den mon ordet rasjonale måtte vere naudsynt i fagspråket for å få fram finare filosofiske nyansar, bør det òg brukast der. Vi trur likevel ein kjem langt med fornuftsgrunnlag attåt dei ovannemnde synonyma.
I Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner (Oslo 2005) står ordet oppført slik:
rasjonale (et rasjonale – flere rasjonaler) ‘tilgrunnliggende begrepsapparat; samlede prinsipper; fornuftsgrunnlag’ [eng.; substantivering av lat. adv. rationale, sm. ord som rasjonal]
‘logisk begrunnelse, fornuftsgrunnlag; resonnerende forklaring, resonnerende framstilling, gjennomtenkt framlegging’
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).