Ræpp = rap eller rapp?
Korleis skal ordet for denne musikksjangeren stavast? Det tek seg dårleg ut som rap med éin p, men skriv vi det som ein seier det (ræpp), får vi vel ein rapp over fingrane?
Ja, ein har vore varsam med å bruke æ i importord frå engelsk. Rapp er den einaste offisielle norske skrivemåten av det engelske musikkordet rap.
Det varierer om engelske importord med stutt rotvokal har fått dobbel konsonant til slutt etter vanlege norske reglar. Ofte er det valfritt, som i hit(t), bag(g), plot(t) og handikap(p).
Du finn dei rette skrivemåtane i nettversjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Sjå òg Lånte fjører eller bunad: om norsk skrivemåte av importord (1997).
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).