Punktum etter nettadresser?
Skal det vere punktum etter nettadresser (URL-adresser) som står til slutt i eit avsnitt eller i ei setning?
Svar
Ja, det skal stå punktum etter slike adresser.
Det skaper ingen vanskar om ein set punktum, korkje for lesarar eller for elektroniske system. Ingen vil i dag tru at punktumet høyrer med til adressa.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).