Person frå Oseania?

Kva adjektiv skal vi nytte om noko(n) som er frå Oseania? Og kva kallar vi ein som kjem derifrå?

Svar

Adjektivet er oseanisk, sjå lista «Utanlandske stadnamn» på nettsidene til Språkrådet. 

Noka innarbeidd personnemning for folk frå Oseania kjenner vi ikkje til, korkje i norsk eller nærståande språk. Men om ein er i beit, kan ein sjølvsagt prøve seg med oseaniar, bokmål oseanier, i tråd med australiar.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:23.04.2024