Pavens skjegg

Eg veit at å stridast om pavens skjegg tyder å trette om bagatellar. Er det fordi paven ikkje har skjegg, slik at det ikkje er noko å trette om?

Svar

Kanskje, eller så er det fordi det er uråd å avgjere om paven har skjegg.

For ikkje å bli råka av munnhellet nøyer vi oss med å gje att Ordbog over det danske Sprog:

strides om kejserens ell. (nu l. br.) pavens […] ell. (nu næppe br.) bispens […] skæg (ty. um des kaisers bart streiten; maaske egl.: strides, om Karl den store ell. en anden for længst afdød kejser ell. pave havde skæg ell. ej (ell. om farven paa vedk.s skæg), jf. Arlaud.563; sml. udtr. af lignende art som fr. disputer de la chape de l’évêque, ty. um des Moses grab streiten, lat. de lana caprina rixari og gr. perì ónū skiâs (máchesthai)) strides om ting, forhold, der ikke lader sig afgøre ell. er uvæsentlige, ligegyldige

I Danmark snakkar ein heller om keisarens skjegg, som i tysk. Men svenskane trettar gjerne om påvens skägg.

Pavane skal forresten ha hatt skjegg mellom 1527 og 1700.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:24.04.2024