Paragrafteikn og mellomrom
Skal det vere mellomrom mellom paragrafteiknet og talet etter? Er det med andre ord rett med «§17» eller med «§ 17»?
Svar
Det skal vere mellomrom mellom paragrafteiknet og talet. Skriv «§ 17».
Ein må sjå på teiknet som ein forkorta skrivemåte for ordet, og i formuleringa «paragraf sytten» ser ein straks at det må vere mellomrom.
Bruk gjerne hardt mellomrom, så skil ikkje teiknet og talet lag ved lineskifte.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).