På måfå

Kva i all verda kjem uttrykket på måfå av? Det høyrest som om det har oppstått på slump.

Svar

måfå er eit godt, gammalt samnordisk uttrykk som truleg byggjer på ei tyding av å måtte som var vanlegare før, nemleg ‘å kunne’, jf. dansk må jeg kan jeg’.

Denne tydinga har vore svært vanleg i norsk òg. Vi finn ho enno i t.d. du må gjerne gjera det og det (sjå tyding 4 i Norsk Ordbok.)

Noko ein (berre) kan få, er mindre sikkert enn noko ein har. Det kan vera nett slump som avgjer om ein får det. Ordbog over det danske Sprog knyter måfå nett til denne tanken.

På nb.no finn vi måfå fyrst brukt aktivt i ei preike av diktarpresten Jens Zetlitz utgjeven i 1822. Han talar om «de mange Ægteskaber, der sluttes saa ganske paa Maafaa, uden ringeste Hensyn til Fremtiden». Men vi veit at ordlaget då var mykje eldre i både norske dialektar og i dansk.

Ordet har visst halde seg like godt gjennom hundreåra som fenomenet det viser til. Dét er kanskje ikkje slump.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter