Over heile fjøla
Kva slags fjøl er det snakk om når ein seier over heile fjøla og meiner over heile lina? Er det brødfjøla?
Vi trur ikkje det. Rundt omkring i landet er fjøl eit nokså vanleg ord for flate trestykke. Vi trur helst at uttrykket over heile fjøla skriv seg frå arbeidslivet; kanskje har det vorte til i samband med høvling og snikring. Men vi har ikkje nokon teori om kva som er tanken bak.
Vi kan berre slå fast at uttrykket kom inn i skriftmålet i 1920-åra frå folkeleg talemål, truleg bygdemål.
Ein heilt annan teori er at det er ordet fjøld(e) ‘mengd, flokk’ som ligg under. Heile fjølda (eller fjølden) har vore eit vanleg ordlag for heile hurven mange stader. Problemet er uttalen utan d og med lang ø; den er sjeldan. No kan det kan saktens vera at ein i hovudstaden har feiltolka bygdemålsordet /fjøɖa/ som fjøla. Men vi har nok ikkje heile rota til uttrykket her, for ordet over er ikkje eit naturleg tillegg til uttrykket heile fjølda.
Vi meiner det er litt meir grunn til å tru at det er tale om ei trefjøl, til dømes ei gammaldags lusefjøl, eller ei husefjøl (fattigtavle) med namna på bønder som hadde skyldnad til å hysa fattigfolk.
Elles minner over heile fjøla mykje om engelsk across the board, som tyder det same, men som garantert har eit anna slags opphav.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).