Over 20 kuldegradar og liknande

Viser formuleringa «over 20 kuldegradar» til høgare eller lågare temperaturar enn 20 kuldegradar?

Svar

Det meteorologisk korrekte er å bruka over om høgare temperatur på både pluss- og minussida, altså varmare vêr.

I praksis er over tvitydig i temperatursamanheng. Det kan visa til

1) høgare tal: a) varmare på plussida, men b) kaldare på minussida

2) «høgare temperatur» (varmare) 

3) høgare kvikksylvsøyle på gradstokken (varmare) 

Vi ser at (opp)over er varmare i alle tilfelle så nær som under 1 b (di større tal på minussida, di lågare temperatur og kaldare luft). Men stort sett gjeld logikken i 2 og 3.

Fagleg bruk av under

På dei gamle gradestokkane med kvikksølvsøyle såg ein at kvikksølvet seig i kulde og steig i varme. Vi snakkar såleis om fallande og stigande temperaturar. Det må kallast gale å seia noko anna enn under i ei setning som temperaturen fell til under 20 kuldegradar

Vi har kontakta Meteorologisk institutt, som stadfester at dei brukar over og under som om dei las av ein gradestokk (jf. 3). Språkrådet rår til å bruka orda på den måten i skrift (og i tale når ein legg trykket på preposisjonen over).

Folkeleg bruk av over (med trykk på talet)

Likevel har det alltid vore vanleg å seia til dømes over 20 kuldegradar (med trykk på 20) om lågare temperatur enn talet viser til, ja, det er nok det mest tradisjonelle. Det kan ikkje kallast gale. Det blir stort sett forstått rett, for det er jo sterk(are) kulde som er i fokus. Med ropeteikn etter er det nesten ikkje til å mistyda i skrift heller. 

 

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.05.2023 | Oppdatert:02.12.2023