Ord med både æ, ø og å
Eg lurer på om vi har ord med både æ, ø og å i seg.
Svar
Vi har nokre samansetningar med alle tre, som blåbærsyltetøy og sjåførlærar.
Ei viktig gruppe er ord med øy + væring: måløyværing, måsøyværing, vågsøyværing.
Andre grupper er ord med
- spørsmål: lærespørsmål, lærlingspørsmål, lækjarspørsmål (bokmål legespørsmål), ned- og oppvæpningsspørsmål.
- søksmål: ærekrenkingssøksmål.
- målføre: målføreopplæring.
Vidare har vi m.a. færøymål, låglønnsnæring og skjærgårdsøl (nynorsk skjergardsøl).
Med litt fantasi kan du sikkert laga fleire sjølv, men du kan ikkje rekna med at alle vil godta dei som brukande norske ord.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).