Også, òg eller au på nynorsk?

Eg lurer på om eg kan nytta òg, au eller også konsekvent på nynorsk, eller om desse orda skal nyttast i ulike samanhengar. Til no har eg berre brukt òg. Er det rett? 

 

Svar
Òg (eller au, som er mindre brukt i skrift) er heilt synonymt med også. Det er heilt greitt å halde seg til bruke òg, slik du har gjort.
 

Bruksmåte og opphav

Med orda òg/au/også peikar vi på noko vi har framheva med trykk (nedanfor: eg), og seier at det kjem i tillegg:
 
Ho reiste; difor reiste eg òg/au/også
 
Òg kjem av norrønt ok (eldre auk) og tyder opphavleg nettopp ‘i tillegg’, ‘attåt’, ‘med’ (jf. det meir eller mindre dialektale eg med). Utvidinga med er gammal i både dansk og norsk. Ho vart tidleg fast i dansk riksspråk, der det no berre heiter også. (I danske dialektar finn ein jamvel dobbelt tillegg av : ossenså.)
 
Utvidinga  tyder opphavleg nett noko slikt som ‘så, dinest’ jf. «ho og så eg reiste», men det må ha vorte mindre bokstavleg etter kvart og fått tydinga ‘like så’, ‘like eins’, altså i praksis det same som ‘i tillegg’ (auk) («eg reiste også»).
 
I moderne norsk tyder eg også og også eg nett det same som det reinskorne eg òg. Valet handlar ikkje om tyding, men om dialektgrunnlag, setningsrytme (plassering i setninga), stil og språkøkonomi.

Tilhøvet og valet mellom dei tre synonyma i tale og skrift

I norsk har dei gamle korte variantane òg og au stått sterkare enn i dansk, både i dialektane og i bokmålsnær tale. Men òg og au er under press, både i tale og skrift. 
 
Også har alltid vorte nytta på nynorsk attåt dei korte variantane. Men bruken av også har auka veldig dei seinare åra. Sjølve auken tyder på bokmålspåverknad, direkte eller indirekte (såkalla frekvenslån). Det kan vera tale om både påverknad på talemålet og direkte omsetjing av tekst (ikkje minst maskinomsetjing). 
 
Kva skal ein så rekna som best av også, òg og au? Det er ei smakssak. Har ein sans for det korte og fyndige, vel ein einstavingsorda. Men alle variantane er korrekte nok. Merk likevel at «kunstig» plassering av orda – som ein oftast finn ved bruk av også – ikkje er god stil i nynorsk. Sjå neste bolk om plassering i setninga.
 
Sidan òg kan skrivast so på nynorsk (med valfri uttale /so/ eller /så/), har vi òg forma ogso. Dei som har skrive so med o opp gjennom åra, har brukt kortvariantane òg og au mest; difor kan varianten ogso verka avstikkande både i tradisjonell og bokmålsnær nynorsk, av ulike grunnar. Men ogso er ikkje gale for det, om ein berre plasserer ordet rett i setninga. 
 

Plassering i setninga

I talemålet plasserer ein også, òg og au fleire stader, helst rett etter verbalet, rett etter ordet det står til, eller heilt til slutt i setninga. Ein vel gjerne det som gjev best flyt. Trykk og tonegang hindrar mistyding. 
 
I skriftmålet set ein ofte desse småorda rett føre orda dei står til, på strengt logisk, men meir eller mindre kunstig vis. Det gjev meir opphakka språk, men det må stundom til for å avverja mistyding.
 
Råd: Bruk den naturlege, munnlege ordlegginga òg i skrift der det ikkje er fare for mistyding, den logiske elles. (Tolk «fare for mistyding» som verkeleg fare, ikkje teoretisk fare.) Legg forresten merke til den unaturlege ordlegginga framanfor i dette avsnittet; motivet er å motverka lesemåten «òg der». Kanskje ville omskriving ha vore betre: «Bruk den naturlege, munnlege ordlegginga i skrift òg, vel å merka der det ikkje er fare for mistyding. Bruk den logiske berre når det er fare for mistyding.»)
 
Du bør likevel ikkje i noko tilfelle setja òg eller au fremst i setningar, til dømes slik: «Òg eg vart glad for det». Det kling kunstig. Her bør du skriva om. (På god nynorsk set ein heller ikkje også fremst på denne måten, og i alle fall ikkje ogso eller au.)
 
Nokre døme på ytringar med òg (understreking står for trykk i talemålet):
  • Vi vil òg vera med. / Vi vil vera med òg.
    • Stivare: Vi òg.
    • Stivast: Også vi.
    • Umogleg: Òg vi.
  • Ho hadde vore der òg
    • Stivare: også der. 
    • Umogleg: òg der.
    • Betre på nynorsk, om det trengst: Der òg hadde ...
  • Fanden òg! 
    • Umogleg: Også/Òg fanden!
  • Skitt au!
    • Ingen kommentar.
Som sagt: Ein treng ikkje skriva om til noko stivare dersom meininga eigentleg ikkje kan mistydast i samanhengen.

Uttale

Variantane òg (medrekna uttalevariantar) og au har til saman dekt det meste av landet. 

Òg blir truleg dei fleste stader uttalt som eit trykksterkt og, altså som /å/. I mange dialektar har konsonanten likevel halde seg, og somme stader kan dei til og med ha uttale med trong o (ó) i staden for open o (ò). Aksenten over òg kan lesast både som eit signal om open o (= /å/) og som markering av trykk.

Au blir uttalt rett fram slik au elles blir uttalt i dialekten (oftast eu/æu/øu).

I naturleg tale heiter også helst /åsså/. Det gjeld òg vanleg uttale av nynorsk og bokmål.

Anna slags og + så

kan òg tyda ‘deretter’. Vi bruker alltid  når det er tale om tidsfølgje, som i
 
Ho reiste fyrst, og så eg
 
men dette er eit anna uttrykk, som vi skriv i to ord. Rein sideordning er òg noko anna:
 
Ho og eg reiste fyrst
 
Her har vi vanleg og utan aksent.
 
Somme, kanskje helst born, brukar stundom også eller og så trykksvakt på line med og (som i «mamma åsså pappa»), men det har ikkje nokon plass i skriftmålet. Det finst òg dei som brukar også som infinitivsmerke («har tenkt åsså reise»), med det blir rekna som like gale.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.11.2022 | Oppdatert:27.09.2023