Norske ord for ishockey og puck?

Finst det norske ord for ishockey og puck?

Svar

Nei, i alle fall ikkje i dag.

Tidlegare blei nemninga ishockey også brukt om den sporten vi i dag kallar bandy, jf. dette klippet frå boka Ishockey (Halfdan Ditlev-Simonsen 1924):

Ditlev-Simonsen bruker altså skivespill om ishockey spela med puck. For sjølve pucken har avløysaren skive vore nemnd, og ein snakkar ikkje sjeldan om at nokon «set skiva i mål» eller liknande. Utanfor konteksten må ein nok likevel ofte presisere nærare kva det er ein meiner, og det blir fort omstendeleg.

Dei fleste er truleg nøgde med puck på norsk, særleg i talemålet, der det jo heiter /pøkk/. Pøkk læt som eit vanleg norsk ord. Dette ordet er i alle fall betre enn ei lang samansetning.

Til og med i islandsk skriv dei helst íshokkí. Vi kunne ha tilpassa skrivemåten, vi òg, men forbløffande få har skrive ishåkki, endå det har stått i somme ordlister (ishokki ville vore betre). Puck heiter forresten plata på islandsk. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024