Norge på nynorsk?
Kan ein skrive Norge på nynorsk?
Nei, berre Noreg.
Formene Norig og Norge var jamstilte i landsmål/nynorsk frå 1917 til 1938, men sidan 1938 har Noreg vore eineform. I 1996 gjorde nynorskseksjonen i Norsk språkråd framlegg om å innføre Norge som sideform attåt Noreg, men dette vart avvist av Kulturdepartementet (jf. denne artikkelen på nettsidene våre).
Denne artikkelen frå Språknytt nr. 2/1974 gir att ein tekst av Magne Rommetveit om ulike syn på denne saka. Her står det òg litt om den tradisjonelle uttalen av namnet i ulike målføre. Jakob Naadlands utgreiing Noreg er namnet frå 1954 er tilgjengeleg digitalt her.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).