Er ho nordmann eller nordkvinne?
Må eg, som er kvinne, kalle meg nordmann, eller kan eg bruke nordkvinne i staden?
Tydinga til eit samansett ord er ikkje alltid summen av delane. Nordmann kan brukast om folk av begge kjønn. Ingen kan nekte deg å skrive nordkvinne, men ver klar over at det kan verke litt påfallande.
Nynorskordboka definerer nordmann som ‘person frå Noreg’. Før vart ordet mann meir nytta i tydinga ‘menneske’, medan t.d. kar fungerte kjønnsspesifiserande. Etter kvart har mann vorte meir innsnevra til ‘menneske av hankjønn’, så det er ikkje rart at somme reagerer mot å bli kalla nordmann.
Det er ikkje noko i vegen for å bruke ordet nordkvinne. Dette ordet er noko brukt, men ikkje så mykje at vi kan seie at det er etablert i norsk allmennspråk. Ofte kan det vere vel så naturleg å bruke uttrykket norsk kvinne. Om ein ikkje vil spesifisere kjønnet, kan ein elles bruke adjektivet norsk aleine, som i «eg er norsk». I mange dialektar har det forresten heitt ein norske, på line med danske og svenske.
Du kan lese meir om kjønn og språk i rettleiinga «Kjønnsbalansert språk» på nettsidene våre.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).