Nordisk råd eller Nordisk Råd?
I mange norskspråklege dokument som gjeld det nordiske samarbeidet, nyttar ein skrivemåtane «Nordisk Råd» og «Nordisk Ministerråd», altså med stor forbokstav òg i «Råd» og «Ministerråd». Men er ikkje det gale?
Svar
Det rette er «Nordisk råd», slik det står t.d. under oppslagsordet «nordisk» i Tanums store rettskrivningsordbok (10. utgave), og «Nordisk ministerråd».
Namna har liten forbokstav òg på den offisielle nettstaden www.norden.org/no.
Var denne teksten stort sett grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men les dei nøye.