Nedgang på minus seks prosent?

Eg las nett om «ein reduksjon på –6,2 %». Er det rett formulert?

Svar

Vi rår ifrå å skrive slik. Meiner ein at det har vore ein reduksjon, og at den har vore på 6,2 prosent, bør ein skriva ein reduksjon på 6,2 %.

Reduksjon er per definisjon negativt. Nedgang på minussida er pleonastisk (dobbelt opp), dersom ikkje meininga er at minus og minus blir pluss. Når ein tek tal ut or ein tabell og set dei inn i løpande tekst, bør ein sjå etter om forteiknet trengst.

Ein kan òg støyta på formuleringar som oppgang på –6,2 prosent, som (dersom det ikkje berre er ein skrivefeil) tyder det same som nedgang på 6,2 prosent. I vanleg tekst bør ein kalla negativ oppgang nedgang.

Ord som kan stå for endring i begge retningar (slike som endring og utvikling), kan ha pluss eller minus føre, alt etter samanhengen. Men i praksis nyttar ein oftast særskilde ord for oppgang og nedgang (slik som nettopp oppgang og nedgang), og då kan forteikna sløyfast.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.12.2022 | Oppdatert:25.02.2024