Markering av lang vokal i japanske namn

Bør ein markere lange vokalar med strek når ein gjev att japanske namn med latinske bokstavar?

Svar

Etter dei såkalla Hepburn-prinsippa skal ein i mange tilfelle markera lang vokal med strek over vokalen når ein gjev att japanske ord med latinske bokstavar. Men det er tradisjon for å sløyfa denne markeringa i ein del namn, til dømes Tokyo.

Vi meiner det er best å la vera å bruka strekar for å markera vokallengda om ein skriv for eit allment publikum. Eit motargument er at det då blir uråd å føra ord frå bokstavar attende til japansk. Men slik retranskripsjon tilbake til japansk tel lite, meiner vi. Det viktigaste er at folk flest skal kunna kjenna att og uttala japanske namn utan kompliserande faktorar.

Så vidt vi kan sjå, er det vanlegaste òg i andre språk å sløyfa dei diakritiske teikna. I atlas er rett nok strek over vokalar nokså vanleg i nokre geografiske namn. Strekar førekjem òg i somme samnamn, som no (‘teater’) og shogun, men begge desse orda står utan strek i Tanums store rettskrivningsordbok.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024