Limpinnen

Kva er opphavet til uttrykket å gå på limpinnen, altså å la seg narra?

Svar

Opphavleg er ein limpinne ei fuglefelle. Uttrykket er kjent frå tysk på 1500-talet.

I Ordbog over det danske Sprog står det:

Lim-pind […] om pinde, besmurte med (fugle)lim, som anbringes rundt omkring i buske, saaledes at smaafugle (hidlokkede ved lokkefugle i bur) kan sætte sig derpaa og blive hængende fast.

Under Lim-stang finn vi:

sv. limstång, ty. leimstang; […] en i tidligere tid til fuglefangst anvendt stang, som var besmurt med (fugle)lim, ell. hvortil smaa, med (fugle)lim besmurte pinde var fæstede.

Etter den same ordboka ser det ut til at fuglefangst med limpinne vart forbode i Danmark 1921.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024