Landsmanninne

Ordet landsmanninne vert brukt ein del av sportsjournalistar, spesielt i NRK. Er dette eit verkeleg ord, eller er det berre noko som einskildpersonar i Kringkastinga har funne på, og som dei nyttar for moro?

Svar

Nei, landsmanninne er verkeleg nok, og det er ikkje nytt. Vi finn det alt hjå Ludvig Holberg i 1769.

Ordet er med i eit band av Norsk Riksmålsordbok frå 1937. Det tyder på at det då vart rekna som eit ord i språket. Seinare har det stått i fleire ordbøker.

I dag finn ein ikkje landsmanninne i Nynorskordboka eller Bokmålsordboka, men i Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner står det, og oppføringa der er utan markering av stiltone. Dette siste er interessant, for det kan tyde på at ordet har vore oppfatta som meir nøytralt for nokre år sidan enn i dag, da mange kanskje tenkjer på det mest som humoristisk meint og litt rart, og kanskje som gammaldags.

Elles finn vi ordet manninne 'kvinne' i gamle bibelomsetjingar:

denne (Eva) skal kaldes mandinde, thi af manden er denne tagen (1. Mos. 2, 23)

Dette ordet har nok lenge verka klårt meir markert enn landsmanninne. Det har fått merknaden foreldet og spøkefullt i Norsk Riksmålsordbok.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter