Kviss eller quiz?
Heiter spørjetevling no kviss eller quiz?
Både kviss og quiz er rette skrivemåtar.
Skrivemåten quiz har stått i ordbøkene lenge, men særleg i seinare år har òg skrivemåten kviss blitt brukt ein del. I 2015 gjorde Språkrådet vedtak om å jamstille dei to skrivemåtane. Stavemåten kviss er i tråd med prinsippet om samsvar mellom skrivemåte og uttale. Samstundes er quiz så godt etablert at det ikkje er grunnlag for å ta denne stavemåten ut av rettskrivinga.
Les meir om engelske importord i norsk.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).