Kvifor på tuppa?

Kvifor heiter det å vera på tuppa om å vera nervøs eller overivrig? Heng det saman med det engelske on the edge?

Svar

Tuppa er ei austlandsform for tuppane. Om ein sterkt framoverlent skihoppar heiter det at han eller ho ligg på tuppa(ne). Det kan vera opphavet. Men uttrykket kan òg ha ein fot i skeisesporten.

Hopp

I hoppsporten diskuterte ein for hundre år sidan om «tuppa opp» (= hopp med (oftast) rak kropp) eller «tuppa ned» (= hopp med knekk i hoftene) var den beste stilen. Å liggja på tuppane (eller skia) krev at tuppane peikar opp.

 

 (Bærum, en bygds historie, II, 1924)

Skeiser

Ein kan òg koma på tuppa når ein går på skeiser. Det er ikkje alltid av det gode:

(Aftenposten 15.2.1927)

(Dag Fornæss, 1969)

Overført

Så seint som i slangordboka til Ulf Gleditsch (1952) tyder på tuppa berre å «stå forover». Fyrste gongen vi finn uttrykket i overført tyding i skrift, i 1973, tyder det ‘ivrig’. Så ballar det på seg med ulike nyansar utetter i syttiåra.

Skihopparar som ligg på tuppane, er rett nok alt anna enn nervøse typar, men ein kan lett sjå føre seg ei tydingsgliding via ‘(over)ivrig’.

Nokon samanheng med det engelske uttrykket on the edge finst nok ikkje, men ein viss likskap er der jo, for kantar og tuppar er knytte til uro, venteleg i dei fleste språk.

Vi har òg ordlaget å vera på tuppane etter noko eller nokon ‘vill etter’, og der er samanhengen klårare. Ein er mildt sagt frampå. Det trengst ikkje meir enn skotuppar for å te seg på denne måten.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter