Kvifor har vi bokstavane æ, ø og å i alfabetet?

Kvifor er det slik at vi i Noreg har bokstavane æ, ø og å i alfabetet?

Svar

Kort sagt har vi æ, ø og å for å gje att lydar i norsk talemål. Vi har alfabetet vårt frå latin, men dei nordiske språka har fleire vokalar enn latin hadde, og det latinske alfabetet vart difor tilpassa lydsystemet vårt alt i mellomalderen.

Det latinske alfabetet vart spreidd med det latinske språket, som var administrasjonsmålet i Romarriket og dessutan språket til dei lærde i Vest-Europa heilt opp til nyare tid.

Bokstavane æ og ø (før œ) fanst alt i latin som samansmeltingar av andre bokstavar (æ = a + e, og œ = o + e), men vart  brukt litt annleis enn i norsk. Å-en er ei nyare oppfinning som vi stort sett brukar der gammalnorsk hadde lang a (á). Etter gammalnorsk tid nytta ein aa i fleire hundre år før å-en vart henta frå svensk, der han hadde vore nytta lenge. Ringen over å har ein gong førestilt anten ein a eller ein o.

Du kan lese meir om korleis teikna vart til, i artikkelen Skandinaviske «særbokstaver» av Arne Torp.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter