Kva tyder sic?

Kva tyder det vesle ordet sic, og kvifor bruker folk det?

Svar

Sic er latin og blir brukt til å vise at noko faktisk skal stå slik det står.

På latin tyder sic ‘slik’ eller ‘såleis’. Det er ei forkorting av sic erat scriptum ‘slik blei det skrive’.

I bokstavrett attgjeving av feil

Ein set inn sic etter ein galen eller uvanleg skrivemåte i eit sitat for å gjere merksam på at feilen eller avviket skriv seg frå kjelda og ikkje frå den som siterer. Ein sikrar seg altså mot at lesarane trur det er ein sjølv som står bak feilen.

Vi kan til dømes skrive noko slikt i eit avisordskifte:

I Firda 25.1. skriv ein innsendar at «presteskapet skal ikke ha løyve til å vise vekk og velge hvilken [sic] barn som skal døpes inn i statskirken eller ikke».

Med å skyte inn [sic] viser vi at skrivefeilen «hvilken barn» står i originalen (og som ein bonus får vi ymta om at motdebattanten er litt slurvete).

Når noko berre ser gale ut

Vi kan òg bruke sic til å vise at noko faktisk er rett, endå det kan sjå ut som ein feil:

I ferien skal vi dykke utanfor Oslob (sic) på øya Cebu.

Ved første augekast kunne ein tru at stavemåten «Oslob» var feil, men det finst faktisk ein stad som heiter Oslob på Filippinane.

Kritikk-sic

Nokre skribentar likar å bruke sic for å markere ei utsegn som dei ikkje går god for:

Han er derfor «hundre prosent sikker» (sic) på at den tyske omsetjinga av Menneske og maktene ikkje kom seg gjennom sensuren «utan å ha vorte fingra med».

Dette tyder nærmast ‘at det går an!’, og det har ingen sitat-teknisk funksjon – tvert om kan det verke forvirrande. Slike «kritikk-sic» er ikkje vanlege i sakprosa.

Sjå òg Norsk på trykk på typografi.org.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.08.2017 | Oppdatert:20.04.2024