Kva skal stå etter Hei og etter Kjære?

Når ein innleier eit brev med eit Hei eller God dag som står åleine på lina (eller berre med namn etter), skal ein då nytta komma, punktum, utropsteikn eller ingenting? Og kva skal stå etter Kjære?

Svar

Når helsingar som Hei, Hallo og God dag står åleine på lina, skal det ikkje setjast komma eller punktum etter. Står det eit namn etter helsingsordet, skal det setjast komma føre namnet (ikkje etter). Utropsteikn til slutt er valfritt.

Litt andre reglar gjeld for Kjære, sjå andre bolken nedanfor.

Alt som står nedanfor, gjeld òg e-post. Men i korte meldingar der ein ikkje har nytt avsnitt etter helsinga, må ein setja punktum etter dersom ein ikkje vel utropsteikn.

Reglane gjeld sjølvsagt bokmål så vel som nynorsk.

Komma berre mellom helsinga og namnet

Alternativa er altså:

Hei
Hei!
Hei, Anna 
Hei, Anna!

Den same regelen gjeld for alt frå Hallo til God dag. (Men etter Gratulerer må ein nesten ha med utropsteiknet!)

Regelen gjeld òg om ein tek med etternamnet, men mange tykkjer at det er rart å kombinera det uformelle Hei med etternamn, og at Hei gjer seg best mellom vener og kjende. Ein kan difor gjerne bruka God dag, NN og Gode NN oftare når ein skriv til nokon ein ikkje kjenner godt, og ein kan reservera utropsteiknet for spesielle høve.

Hei er ein interjeksjon, eit utropsord, så etter gamle reglar skal det stå utropsteikn etter. Men det har gått inflasjon i helsinga, så utropsteikn kan av og til verka overdrive. Den som skriv, må få velja i samsvar med situasjon, mottakar og sinnsstemning. Utropsteikn er nok vanlegast når ordet står åleine.

Ikkje komma mellom Kjære og namnet

Kjære er ikkje ein interjeksjon, så her har utropsteiknet aldri vore obligatorisk. Det er valfritt, som ein humørmarkør. Kjære står dessutan direkte til namnet (til den «kjære» personen), og difor skal det ikkje vera komma etter ordet.

Kjære Anna
Kjære Anna Etternamn
Kjære Anna!
(Kjære Anna Etternamn!)

Same regelen gjeld for Gode.

Neste avsnitt

Merk at fyrste lina i neste avsnitt alltid skal innleiast med stor forbokstav:

Kjære Anna / Hei, Anna!

Her har det regna to veker i strekk!

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.10.2020 | Oppdatert:19.04.2024