Kva kokar bort i kålen?

Eg skjønar at noko vert prata bort eller vert til inkjes på anna vis når det kokar bort i kålen, men kva er opphavleg dette «noko»? Når ein kokar sau i kål (fårikål), kverv no kålen vel så fort som sauen?

Svar

Det som blir borte, kan nok vera både kjøt og andre ingrediensar. Kål i dette uttrykket er ei suppe basert på kål.

Den eldste prenta kjelda til dette uttrykket på nb.no er eit innlegg i Hedemarkens Amtstidende fredag den 13. mai 1892:

Den fyrste norske ordboka som ordlaget står i, er Steinar Schjøtts dansk-norske frå 1909 (her frå ei seinare utgåve):

På den tida tydde kål ofte ‘kålsuppe’ eller ‘suppe av kjøt eller flesk, vatn, byggryn, potet, kål (og erter)’. Det er berre det som gjev meining i eit eldre uttrykk som å supa kald kål. I slik kål kunne kva som helst i prinsippet koka bort, men det er truleg kjøt som er meininga, jf. munnhellet «de koker bort i kåla og kjem att til våra». Alt i dette avsnittet finn du her, i Norsk Ordbok, ikkje langt frå uttrykket gjera kål på.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024