Kryss i taket

Kva tyder kryss i taket, og kva kjem det av?

Svar

I artikkelen om kryss i Nynorskordboka heiter det at å setje kryss i taket tyder ‘å markere noko heilt uventa (som ein er glad for)’.

Uttrykket botnar i folketru, religion og magi. Å setje ein kross eller eit kryss ved noko som ein vil merkje seg, er ein skikk som i alle fall er eldre enn boktrykkjarkunsten. Å teikne eit krossmerke som vern mot noko vondt var vanleg i gammal folketru.

I Noreg slo dei ein kross i lufta eller skritta opp ein kross, pløgde i to kryssande fòrer eller måla ein kross med krit eller tjøre på dører eller vegger, eventuelt over matbordet. På svensk er vendingar som «skriva kors på dörren» og «skriva kors på alla väggar» kjende frå slutten av 1700-talet. I dansk finn vi ikkje uttrykket.

Dei fleste opplysningane ovanfor er henta frå Snorre Evensberget og Dag Gundersen: Bevingede ord.

Du tykkjer kanskje det er eit par brikker som manglar i forklaringa, og det har du i så fall rett i. Kanskje ei jamføring med «bank i bordet» kan kasta lys over samanhengen mellom den tradisjonelle tydinga og den som rår i dag. Det handlar i så fall om symbolsk trygging mot ulukke. Lenger kjem vi ikkje.

Litterære døme

I litteraturen finn vi «kors i taket» fyrst nokså seint, og då i ei omsetjing:


(Otto Funcke, Hjortens trøst 1887)

Neste døme er av mykje seinare dato, frå barneeventyr utgjevne i 1925 av Astrid Thalberg.

«Kryss i taket» er endå nyare, fyrste belegg i nb.no er frå 1920, i eit referat av ei amerikansk «skilsmissehistorie»:

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024