Krympelag, krympefest

For ei stund sidan fekk ein kamerat av meg tvillingar, og då vart det fort snakk om at vi måtte halde krympefest for han. Men kvar kjem dette ordet frå? Kven eller kva er det som skal krympast?

Svar

Verbet krympe kan − ved sida av ‘minke’ og ‘minske’ − òg ha andre tydingar, mellom anna ‘feire ved å drikke alkohol’.

Uttrykket er minst hundre år gammalt. Bruken er kjend frå store delar av landet, og både krympelag og krympefest er kjende og kurante ord for ‘krympesamkomer’. I litteraturen finn vi tidlege døme på ordlaget frå Oslo og Bergen, òg i forma krømpe.

Bokmålsordboka nemner bruksdøma «krympe seieren, gevinsten». I Norsk Riksmålsordbok (Oslo 1937) er krympe i denne tydinga forklart som ‘feire (en utnevnelse, en anskaffelse, noget man har fått, vunnet) med å drikke et glass vin (ell. brennevin) og spandere på andre’. Reint grammatisk kan ein krympe både ei hending, ein vinst og den heldige personen.

Tradisjonelt er det vanskeleg å koma utanom alkoholen når ein gjer det. Mikkjel Fønhus skriv i Skiløperen (1936):

I Norsk Ordbok fra Samlaget ser vi at ordet er ganske utbreitt, og at alkohol ikkje (lenger) er heilt obligatorisk:

 

Krymping av flaskeinnhald, vinst eller tøy?

Norsk Riksmålsordbok har med endå ei tyding av krympe, nemleg ‘drikke (en flaske vin ell. brennevin) for å feire en begivenhet’. Då er det beint fram flaska ein krympar.

Forklaringa kan vere så enkel som dette, jamvel om det ikkje er heilt lett å skjøne korleis vinstar og personar kan ha teke over alkoholen sin plass som objekt. Ei alternativ forklaring kan vere at ein krympar ein vinst ved å feire (og drikke) på vinnaren si rekning.

Endeleg kan vi ikkje heilt utelukke at bruken skriv seg frå tekstilverda, anten frå krymping av tøy før produksjon eller av sluttbehandling av plagg før bruk. Men vi finn ingen knagg å hengje denne forklaringa på.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter