Klare brasane

Kvifor heiter det å klare brasane om å overvinne vanskar?

Svar

Brasar er tau til å stille råsegl (skværsegl) etter vinden med.

Det går éin bras ned frå enden av råa (rånokken) på kvar side. Råa er den stokken som eit råsegl heng ned frå.

Ordet bras kjem via nederlandsk frå fransk (i fransk tyder det ‘arm’). Dansk har òg ordet bras, men ikkje ordlaget klare brasane. I gamle dagar heitte det vel så gjerne å greie brasane (bokmål greie brasene, før: greie braserne).

I Roald Amundens bok Sydpolen (1912) finn vi ordet brukt i både konkret og overført tyding:

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter