Kjem slang inn i ordbøkene?
Kjem slangord nokon gong til å stå i ordbøkene?
Det er allereie med slangord i dei fleste ordbøkene. Dei er då gjerne merkte med «slang» eller liknande. I allmennordbøker (vanlege ordbøker) er berre den aller vanlegaste slangen teken inn.
Det finst også spesielle bøker om slang, der det er med mange fleire ord og uttrykk. Den største norske slangordboka er Tone Tryti: Norsk slangordbok (Oslo 2008), som dekkjer perioden frå langt attende på 1900-talet til no.
Mange slangord er døgnfluger eller berre brukt i subkulturar, medan orda i vanlege ordbøker skal vera mest mogleg allment utbreidde og ha fast plass i språket, særleg i skriftspråket. Når slangen kjem inn i allmennordbøkene, har han gjerne tapt mykje av verdien som slang.
Ein god del ord og uttrykk som i dag blir rekna som nøytrale, har opphav i slang. Du finn sikkert nokre i denne danske slangordboka frå 1866.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).