Kjæledyr – eit uverdig ord?

I ein del internasjonale forum er det ikkje akseptert å bruka ordet pet ‘kjæledyr’ fordi det går ut over «verdigheita» til dyra. Bør ein ikkje nytta ordet kjæledyr lenger? Kva er i så fall alternativet?

Svar

Kjæledyr kan framleis brukast. Det mest brukte alternativet er familiedyr, men samværsdyr ville kanskje vore meir verdig og ærleg.

Det mest velbrukte ordet for dei økonomisk unyttige tamme dyra våre er kjæledyr. Det er gammalt, men ikkje forelda. Til dømes har vi ei kjæledyrforskrift og til og med ein kjæledyrkonvensjon som er av nyare dato. (Her er det nemnt ei rekkje dyr som ein ikkje bør kjæla med. Vi kjem attende til dette «mishøvet».)

Men i St.meld. nr. 12 (2002–2003) Om dyrehold og dyrevelferd er desse ordpara nytta: sports- og familiedyr og familie- og hobbydyr (i motsetnad til produksjonsdyr, utan at skiljet er hundre prosent klårt). Det står mellom anna:

Kjæledyrene, eller familiedyrene som de gjerne omtales som, har etter hvert fått en økende sosial betydning i samfunnet, og blir ofte en integrert del av familien. 

Familiedyr er nytta dobbelt så mykje som kjæledyr i stortingsmeldinga, så det er nok meint å vera det rette ordet for dyregruppa. Logikken i ordet skal truleg vera at dyret høyrer til familien som medlem og ikkje som eigedom

Husdyr og kjæledyr/hobbydyr: nytte og hygge/hobby

Mennesket har ulike føremål med å halda dyr, særleg desse: 

  • (økonomisk) nytte (husdyr, produksjonsdyr)
  • hygge og hobbyføremål (kjæledyr, familiedyr, hobbydyr)

Begge grupper er husdyr i vid tyding, men ofte siktar vi med husdyr helst til nyttedyra i landbruket: såkalla produksjonsdyr, som held til ute og i driftsbygningar. I heimen har vi derimot kjæledyr/familiedyr og ein del (andre) hobbydyr. Det er gjerne mindre karismatiske og kosete dyr som krypdyr, fisk og fuglar som oftast blir kalla hobbydyr. (Merk forresten at ordet kosedyr, som ikkje er meir enn ca. 70 år gammalt, tidleg vart nokså klårt avgrensa til kunstige leikedyr.) 

Dersom vi skal ha eit anna ord for kjæledyr spesielt, kan det altså ikkje vera husdyr. Om vi leiter etter andre hus- og heimlege ord, finn vi stovedyr, som er nytta særleg i dansk (stuedyr). Men dette er ei undergruppe av kjæledyr. Eit eksisterande ord er heimedyr, jf. heimekyr (som ikkje er til seters) og heimelam (òg nytta om kopplam). Ein kan meina at dette ligg nær i tyding og er ledig, særleg på bokmål (der det òg kan heita hjemmedyr), men på bygda, der dei fleste dyr er, vil det nok vera misvisande.

Ord med føreledda hus- og heim- og stove- er altså lite aktuelle for dei dyra vi deler hus og heim og stove med. Det er familiedyr som er mest aktuelt, ved sida av hobbydyr

Innvendingane mot «kjæledyr»

Vi kjenner til to innvendingar mot ordet. Begge går ut på at det reduserer dyra på den eine eller andre måten:

1) Omgrepet er for trongt, for ein kjæler ikkje med alle (slags) dyr som går under denne nemninga.
2) Omgrepet er uetisk (som du nemner). Det impliserer at dyret berre er til for mennesket si skuld, noko som kan føra til at det får dårlegare stell.

Finst det ord som ikkje blir råka av innvendingane? Eit ord som i prinsippet løyser det fyrste problemet, er hobbydyr. Det kunne vore eit logisk overomgrep, men i praksis ser det ut til å vera reservert for dei dyra som ikkje skal ha kos (t.d. krypdyr). Dessutan er det minst like problematisk som kjæledyr med tanke på problem nummer 2 ovanfor. Hobby er trass alt tidtrøyte, og det å vera eit tidtrøytedyr kan vera både-og. Selskapsdyr har vore føreslått, men vi finn ein liknande veikskap her: Ordet skal visst svara til companion animal, men det engelske ordet har meir jamstilling mellom artane i seg. Samværsdyr ligg nærare intensjonen her. Venedyr/vennedyr er òg noko brukt. 

Vi kan sjå nærare på det prinsipielle ved innvendingane ovanfor. Det er noko sant i den fyrste innvendinga, men det tyder ikkje at ho er heilt relevant. Det er ei mistyding at eit ord må vera fullt ut logisk dekkjande for å vera språkleg brukande. Ein kjeledress, for å ta eit ord som tilfeldigvis liknar, ville då berre vore til fyrkjele-bruk. Skulle vi teke alle ord bokstavleg, ville kommunikasjonen ha brote saman. Det at ikkje alle kjæledyr blir kjælte med, er altså ikkje avgjerande. Eit køyretøy som aldri blir køyrt, er òg eit køyretøy. Det typiske er ofte nok for ei nemning i vanleg menneskespråk.

Det er heller ikkje noko språkleg problem at ikkje alle får den kosen dei treng. Vi har mange forskjønnande og strengt teke usanne omskrivingar i språket, såkalla evfemismar. Det er uråd å fjerna alle «ulogiske» ord, så ein bør prioritera å skifta ut dei som verkeleg gjer skade. Kjæledyr kan ikkje vera av dei verste, med tanke på at kjæling trass alt er eit plussord i samband med stell.

Innvending nummer 2 er heller ikkje eigna til å letta kommunikasjonen. Innvendinga byggjer på den tanken at det å karakterisera noko er å avgrensa det til det det blir karakterisert som. Sett på spissen bør ein ikkje tala om «sjuke» menneske, berre om «personar med den og den sjukdommen». Etter denne tankegangen burde det vera tvilsamt å kalla ein husky «trekkhund», for det er kanskje berre ein «hund som i mange tilfelle kan trekkja slede, men som fyrst og fremst har eigenverdi». I sterk form gjer denne innvendinga det uråd å laga samansette ord for kategoriar og grupper; alt løyser seg opp i relativsetningar med «som …» og lange substantiv.

Innvendinga byggjer på sterk mistillit til tradisjonelt språk og språkbrukarar flest; ein impliserer at mange trur at eller ter seg som om såkalla sjuke menneske berre er sjuke, eller i alle fall behandlar dei dårlegare fordi ordbruken påverkar dømekrafta. Det ligg med andre ord eit sterkt element av reduksjonisme (overfor språkbrukarane) nett i det å hevda at eit ord som kjæledyr fungerer reduksjonistisk (reduserer dyret). Det gjer ikkje innvendinga usann, tvert om er logikken vanskeleg å gå imot. Spørsmålet er likevel om han er overdriven, og om ein vinn noko særleg på å ofra innarbeidde ord. Dette bør ein prøva å vurdera frå sak til sak. 

Skulle ein slått inn på det hyperpresise «person med x»-sporet (jf. sjukdom) i dyreverda, kunne ein ha snudd på det og kalla kjæledyr «dyr med person». For om «kjæledyr» er usant, er det sant og visst at desse dyra er menneskeavhengige, ja, dei er beint fram fangar, eit ord som er ledig no når det er avløyst av «innsette». Den logiske leia går ikkje alltid der ein ynskjer. Det kan til dømes visa seg at røynda er meir utriveleg og brutal enn ordet. Dessutan kan nye merkelappar fort bli farga av den sosiale røynda. 

Problem med «familiedyr»

I avsnittet Familiedyr på side 45 i St.meld. 12 (2002–2003) står det at folk bruker meir og meir pengar på «kjæledyret sitt», og det blir ymta om at ikkje alle har vit til å avliva dyret når dyrevelferda talar for det. Med andre ord: Dyr kan måtta li for eit egoistisk kjæle-motiv hjå eigaren. Men det ser ikkje ut til at stortingsmeldinga inneheld kritikk av ordet kjæledyr på dette grunnlaget. Det er dessutan lett å tenkja seg at familiedyr kan bli råka av den same utviklinga: Dette ordet heng saman med ein tendens til å gje dyr menneskenamn (som Per og Kari), og skal ein vera like språkkritisk som kritikarane av ordet kjæledyr, er dette å tilleggja eller utstyra dyr med menneskelege eigenskapar (antropomorfisering). Det er noko anna enn å ta dyr på alvor som dyr. Ordet familiedyr (i medlemstyding) kan altså sjåast som ei sentimental antropomorfisering på våre vilkår. Ordet kan klinga holt om ein tenkjer på korleis det å halda dyr i det heile er å undertrykkja dei på ein måte som ville vore ulovleg overfor menneske. Til dømes nektar vi dei kjønnsliv eller driv avl på dei.

Dette viser at familiedyr helst høyrer til familien som eit tillegg til han. Då er det problematisk at ordet samstundes skal ha medlemstydinga, som skal peika mot jamstelling. Men ei slik innvending fell nok på steingrunn. Ordet familiedyr kan fungera likevel, og gjer det. Ja, det har funnest i skriftkulturen i over hundre år, sidan seinast 1908, då ei kattehistorie vart sett på prent i Solungen. Fram mot sekstiåra vart det rett nok helst nytta om tilhøve innanfor artar (jf. «Klappmyssen er et typisk familedyr», i boka Fiskeribiologi frå 1952). Det kan bli trongt i stova om dette framleis skal vera gyldig ordbruk!

I Den Danske Ordbog ser vi ei anna avgrensing som tyder på at omgrepet kan vera for trongt:

familiedyr kæledyr der er særlig velegnet til en familie med mindre børn

Men ordet er nok kome for å bli i den tydinga det har i den omtalte stortingsmeldinga.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.01.2018 | Oppdatert:17.04.2024