Karakter eller rollefigur?
Eg har fleire gonger i det siste sett ordet karakter brukt om fiktive personar i filmar og teaterstykke. Kan ein bruke dette ordet på den måten?
Det er ikkje umogleg, men bruk helst rollefigur.
Vi finn karakter i den aktuelle tydinga i norske ordbøker. Ordet vart nytta ein del om rollefigur på 1800-talet og før, og i nyare tid har denne bruken auka kraftig med engelsk påverknad.
Vi tilrår ordet rollefigur, som har vore godt innarbeidd i norsk fagspråk på 1900-talet attåt rolle, figur, person og skikkelse. Kva som høver best, kjem an på nyansen og den språklege samanhengen. Rollefigur (rollfigur) er òg nytta i svensk. Både svensk og norsk Wikipedia har opplysande artiklar om ordet.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).