Kan ein dele personnamn?

Eg har høyrt at ein ikkje skal dele personnamn ved linjeskifte, t.d. skrive «Petter» som «Pet-ter» og «Pettersen» som «Petter-sen», men flytte heile namnet over til neste linje. Korleis deler ein eventuelt namna «Guttorm» og «Kirsten»?

Svar

Det står ikkje lenger noko forbod i Skrivereglar mot å dele personnamn, korkje enkle som Petter eller samansette som Torgrim.

I eldre utgåver av Finn-Erik Vinjes Skriveregler heitte det at ein ikkje skulle dele «enkle personnavn» ved linjeskifte. Dette er ein god, gammal typografisk regel som mange sikkert følgjer enno. 

Det kan ikkje lenger vere direkte gale å dele f.eks. Pettersen som Petter-sen og til naud Petter som Pet-ter. Men det tek seg sjeldan bra ut om ein deler stuttare namn eller namn som ikkje klårt består av to delar.

Den norrøne forma av mannsnamnet Guttorm var Guðþormr, som kan løysast opp i Guð + þormr, så difor bør ordet delast i Gut + torm.

Kirsten er ei forvanska form av Kristine. Kirsten kan delast i Kirst + en eller Kirs + ten. I det siste tilfellet bruker ein den orddelingsregelen som seier at berre éin konsonant skal førast til neste linje.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024