I mente
Korleis kan eg forklare uttrykket å ha noko i mente? Og kva er den rette skrivemåten? Eg meiner å hugse at vi lærte in mente då eg gjekk på skulen.
Svaret finn du i ordboksartikkelen mente.
Latin mens, som tyder ‘sinn, hug’, heiter i kasusen ablativ mente, som i uttrykket in mente. Å ha noko in mente er i praksis det same som å ha det i minnet.
På latin er det einaste rette in mente med n i preposisjonen. I norsk rettskriving er det valfritt. Denne valfridommen er gammal i både dansk og norsk. Allereie Ludvig Holberg skriv både in mente og udi mente.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Merk at den lange teksten er for dei ekstra interesserte og tolmodige. I dei fleste artiklane finn du eit kort svar i ingressen, altså det fyrste avsnittet, som står med feit skrift. Vi rår frå å hoppa over det.