Kva tyder «agerrein»?

I gamle jordskiftedokumenter har jeg sett ordet agerrein, og jeg lurer på hva det kan bety.

Svar

Agerrein er berre ein danskprega skrivemåte av åkerrein.

Åkerreina kan ifølgje Norsk landbruksordbok vere fleire ting:

1 a) kant av grasmark som grensar opp til åker
1 b) strimmel av grasmark mellom åkrar; liten rygg som ikkje blir pløgd
1 c) jordvoll på nedsida av åker i bakke, opphopa etter lang tids pløying same vegen
2 bratt fall i eit lende som elles er flatt

I Noreg skrev ein dansk heilt fram til 1907. På reint dansk heiter åkerreina agerrenen, som m.a. Bjørnson skreiv. Norsk litteratur rommar tallause kombinasjonar av norsk bygdemål og dansk, såleis finn vi til og med åkerrenen (som tilfeldigvis er korrekt svensk).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter