Hermeteikn, kva slags?

Eg ser hermeteikn i ymse former og fasongar: vinklar og tødlar, oppe og nede. Kva er rettast å bruke? Er det andre reglar for datamaskin enn for handskrift?

Svar

Det finst ikkje nokon generell regel for kva slags hermeteikn ein skal nytta. 

Det er langt på veg ei smakssak. Finn gjerne ut kva tradisjonen innanfor teksttypen, faget eller sjangeren er, før du bestemmer deg.  Men merk at tastaturet tidlegare har avgrensa valet mellom hermeteikn. 

Dei to formene for hermeteikn som er vanlegast i norsk, er doble ″komma″ oppe og doble «vinkelteikn». Dei blir rekna som like rette. Så vidt vi veit, har Standard Norge og Microsoft samrådd seg om å gjera vinkelteikna til standardvarianten på datamaskinar, og det er greitt nok. I denne artikkelen frå Korrekturavdelingen.no finn du m.a. ei lenkje til eit godt forsvar for vinkelteikna.

Det viktigaste er at ein ikkje brukar apostrofar eller anna i staden for hermeteikn.

Doble “komma”

Kommaa kan mellom anna ha forma 99 99 (” ”) og 66 99 (“ ”). Det fyrste har lengst tradisjon i norsk, men mange tykkjer visst den siste varianten (som er vanleg i engelskspråklege land) er ei betre innramming. Både i handskrift og typografi var det vanlegaste før å setja det fyrste av dei to teikna nede og det andre oppe, t.d. „slik”.

«Vinkelteikn»

Vinkelteikn er det vanlegaste i prenta tekst, og blir stadig meir populært og lettare tilgjengeleg i tekstbehandling. I norsk peikar spissane på desse «korporalvinklane» utover, medan dansk og svensk har dei høvesvis »innover« og berre mot »høgre».

‘Enkle teikn’

Merk elles at hermeteikn innanfor hermeteikn helst skal vera enkle. Enkle hermeteikn blir òg nytta kring definisjonar, slik: gåsaugo ‘hermeteikn’. Her har vi valt varianten 6 9, medan 9 9 er det tradisjonelle i norsk.

Kjært barn

Hermeteikn heiter òg anførselstegn på bokmål. Eit anna ord er sitatteikn. Gåsaugo (bokmål gåseøyne) – som òg kan skrivast på fleire måtar i kvar målform – er endå eit ord. Somme brukar dei helst om dei kommaliknande teikna (sjå gåseøjne på ordnet.dk), andre om vinkelteikna.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024