Hen
Kvar kjem pronomenet hen frå? Kan ein bruke hen for å vise til ein tenkt person utan omsyn til kjønn? Korleis ser objektsforma av hen ut?
Det kjønnsnøytrale pronomenet hen har kome inn i norsk dei siste åra og blir brukt i to litt ulike tydingar. I juni 2022 kom ordet òg inn i rettskrivingsnormene for nynorsk og bokmål. Hen har kome inn i norsk frå svensk, der det blei lansert i 1966 og teke inn i Svenska Akademiens ordlista i 2015. Inspirasjonen for ordet kjem frå det finske pronomenet hän.
Hen, vedkomande, han eller ho
Når vi treffer på pronomenet hen i tekstar, er det ofte i samanhengar der ein ikkje treng å spesifisere kjønn, som her:
Blir studenten teken i fusk, kan hen bli utestengd frå studiestaden i fem år.
Her viser vi til eit menneske eller ei gruppe menneske utan omsyn til kjønn.
Tradisjonelt har ein gjerne brukt han eller vedkomande i slike tilfelle, men det er ikkje like vanleg i dag. Språkrådet har tilrådd ho eller han. Både vedkomande og ho eller han er framleis klart vanlegare enn hen. Ein del språkbrukarar synest likevel at det kjønnsnøytrale hen er praktisk å bruke i slike tilfelle, og no kan dei altså gjere det med rettskrivingsordbøkene i ryggen.
Dersom ein er i tvil om kva for eit kjønnsnøytralt uttrykk som høver best i ein viss samanheng, tilrår Språkrådet ho eller han (eller han eller ho), som lenge har vore nokså allment akseptert. Ein kan dessutan ofte skrive om til fleirtal: «Studentar som blir tekne i fusk, kan bli …».
Hen brukt spesifikt om ein person
Pronomenet hen kan òg brukast om spesifikke einskildpersonar, som her:
Hen er fødd i 1991 og definerer seg som ikkje-binær.
Ordet kan altså brukast om einskildpersonar som ikkje kjenner seg heime i det tradisjonelle tokjønnssystemet. Men merk at ikkje alle i denne gruppa ønskjer å bli omtalte som hen, så ein er nøydd til å sondere terrenget. Generelt er det viktig å understreke at det ikkje er eit ein-til-ein-tilhøve mellom personleg pronomen og kjønnsidentitet.
Objektsform og eigeform
Hen har same form anten det står som subjekt eller objekt, så det blir altså slik:
Hen var her i går.
Eg har ikkje sett hen her på lenge.
Eigeforma av hen dannar vi ved å leggje til -s:
Eg har gløymt namnet hens.
Eit anna hen
Konteksten vil i dei aller fleste tilfelle gjere det klart om vi har å gjere med pronomenet hen eller adverbet hen, som i «Kvar skal du hen?». At to eller fleire ulike ord har same skrivemåte og same uttale, såkalla homonymi, er svært vanleg i språket. Av og til kan homonymi føre til misforståing, men det skal godt gjerast å forveksle pronomenet og adverbet hen.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).