Goodie bag med giveaways

Kva kan «goodie bag med giveaways» heite på norsk? Og kva er det eigentleg?

 

Svar

Kvifor ikkje kalle det godtepose med smågåve?

Ved semesterstart på universitetet og på seminar med bedrifta hender det at nokon deler ut posar med ymse småting, oftast reklameartiklar, såkalla strøartiklar. På engelsk kallar ein gjerne denne posen goodie bag og innhaldet giveaway(s).

Det engelske goodie bag tyder i grunnen ikkje noko anna enn det norske godtepose. Men det er da slett ikkje alltid godter i desse reklameposane? Nei, men det er det ikkje i engelsktalande land heller. Engelsktalande brukar språket på kreativt og metaforisk vis når dei legg anna en godter i «godteposane» sine. Dersom vi brukar goodie bag på norsk utan å tenkje på at det eigentleg tyder ‘godtepose’, forsvinn det metaforiske poenget som ligg i den engelske  ordbruken. Særleg reklamefolk bør vere opptekne av å bruke ordet godtepose, for dersom goodie bag på norsk berre blir bruka i tydinga ‘pose med reklameprodukt, blir det einsidig assosiert med reklame, og det kan redusere marknadsføringsverdien.

Noko av det same kan seiast om amerikanismen giveaway. Dette ordet blir bruka i litt ulike samanhengar, men som regel tyder det gåveGåve- kan også brukast som framledd i samansetjingar, men i forretningslivet har somme begynt å bruke gibort- i staden, som i gibortpris. Slike samansetjingar (verb + adverb + substantiv) er uvanlege i norsk.

Dersom det verkar overdrive å kalle små reklameartiklar for gåver, kan vi  vurdere andre ord, som smågåver eller samansetjingar med gåve-, til dømes gåveartiklar (eller for så vidt gibortartiklar). I samsvar med det kan ein kalle goodie bag for gåvepose, men da mistar ein det metaforiske poenget som ligg i godtepose.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.12.2022 | Oppdatert:30.03.2023