Genial – uttale
Korleis er uttalen av ordet genial? Er det /sjenial/ eller /genial/?
Svar
Geni blir uttalt /sjeni/, medan genial oftast har bokstavrett uttale med /ge-/.
Grunnen til skilnaden er at vi har fått ordet geni frå fransk, medan genial truleg har kome via tysk.
Rota til begge orda er latin genius ‘ånd’. I klassisk latin var uttalen /ge-/.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).