Fryd og gammen/gaman

Kva er opphavet til uttrykket fryd og gammen? Og kva tyder eigentleg gammen?

Svar

gammalnorsk var gaman eit vanleg ord for glede og moro. Vi finn det att i nynorsk gaman. I bokmål blir ordet stort sett berre nytta i det faste uttrykket «fryd og gammen» som er fleire hundre år gammalt. Det skriv seg frå den tida vi skreiv dansk. 

Det er ikkje uvanleg at ord som elles er gått ut or språket, kan overleve i stivna frasar, slik vi ser i bokmål her. Men i nynorsk og dialektane har gaman vore mykje nytta, og i nynorsk må uttrykket heite fryd og gaman eller frygd og gaman. 

Eit kjent ordtak i gammalnorsk var «maðr er manns gaman», som tyder ‘mennesket er til glede for mennesket’.

Ordet gammen/gaman er elles nær i slekt med engelsk game, som mellom anna tyder ‘spel, leik’.

Ordlag med synonym og bokstavrim

Ordlag (faste frasar/uttrykk/samband) er det mange av i språket. «Fry(g)d og gaman» høyrer til ein underkategori der to eller fleire nesten synonyme ord er sette attmed einannan. Andre døme er «skit og lort», «vidt og breitt», «hyle og skrike». Frasane kan kallast tautologiske. Somme har i tillegg bokstavrim, som i «gå frå gard og grunn» (g- g-) og «med brask og bram» (b- b-). I eldre dansk og i gammalnorsk finn vi såleis høvesvis «glede og gamen» og «gleði og gaman».

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.10.2017 | Oppdatert:22.04.2024