Frå skvette til stenke i nynorskbibelen

I andre Mosebok 24,6 stod det før at Moses skvette paktblodet på folket; i den siste omsetjinga står det at han stenka blodet. Eg tel no 25 tilfelle av stenking i Det gamle testamentet, mot 0 før. Stenke er eit markert bokmålsord. Kvifor er ordet skvetta «degradert»?

Svar

Vi kjenner ikkje detaljane i arbeidet med bibelomsetjingane, så vi kan ikkje gje noko fullgodt svar. Stenka vart godkjent i nynorsk i 1984, men du har rett i at det kjem frå bokmål. Det har vore fint lite nytta i nynorsk før, for å stenke har heitt å skvetta eller skvette i alle dialektar som nynorsken byggjer på, nett som et stenk har heitt ein skvett.

Skvetta er konsekvent nytta i tidlegare bibelomsetjingar til nynorsk og står framleis tjue gonger i den nye omsetjinga frå 2011. Slik er utviklinga:

bokmål sprenge (omsetjinga frå 1930)
nynorsk skvetta (omsetjinga frå 1938)

> bokmål stenke (omsetjinga frå 1978)

> bokmål stenke/skvette (omsetjinga frå 2011)
> nynorsk stenka/skvetta (omsetjinga frå 2011)

Skvette har altså kome inn i bokmål samtidig som stenka har kome inn i nynorsk. Med eitt unnatak (Esekiel 43,18) er det samsvar mellom målformene. Men samsvaret manglar grunnlag i nynorsktradisjonen. 

To ulike ord i sjølve Bibelen

Vekslinga mellom stenking og skvetting er rett nok ikkje heilt tilfeldig; ho svarar nokolunde til eit skilje i grunnteksten mellom to ulike hebraiske ord.

Men dette skiljet er ikkje så viktig at det er reflektert i alle omsetjingar til nærskylde språk. Engelske biblar har stort sett sprinkle utan omsyn til samanhengen, og tyske har sprengen. Både i eldre og nyare danske omsetjingar kan vi finna stænke brukt utan skil. Kor som er, handlar det om rituell skvetting av blod, olje eller vatn.

I dei danske omsetjingane som skil mellom verba, ser det ut til at stænke er nytta om lag der dei norske har skvetta, og sprænge der dei norske har no har stenka. Det er litt pussig med tanke på at norsk stenking har rot i dansk.

Merk elles at ein ikkje automatisk skal bruka ulike ord i ei omsetjing der kjeldeteksten har ulike ord. Det avgjerande er om målspråket (det ein omset til) til vanleg skil på same måte som kjeldespråket gjer. Ein innfører ikkje variasjon berre fordi det er teknisk mogleg.

Stenking i dansk og norsk

Stenke har same rot som norrønt støkkva, men det kjem ikkje av støkkva, slik somme ordbøker hevdar. Støkkva vart til støkkja, som ikkje blir nytta om væske som skvett. Til det har vi nettopp verbet å skvetta.

I dansk er skvætte mykje mindre brukt om skvettande væske; til dømes er å skvetta vatn på gåsa = at slå vand på en gås. I Knud Leems samling av norske dialektord frå 1700-talet måtte skvette forklarast for danskspråklege lesarar, slik:

 

I Nynorsk etymologisk ordbok frå 1919 (med forklaring på riksmål) måtte ordet skvetta framleis forklarast med stænke:

Brot med nynorsk bibelmål

Dansksprega ord og former i norsk har alltid vore rekna som finare eller meir høgtidlege enn tilsvarande norske. Noko av meininga med nynorsken, og ikkje minst med dei tidlegare bibelomsetjingane, har vore å setja dette systemet ut av spel. Dersom motivet for innføring av stenking er stilistisk, er det eit tydeleg brot med tidlegare bibelomsetjing til nynorsk. Det å innføra stenking om ei viss form for skvetting i den nynorske bibelteksten har om lag same stilistiske verknad som innføring av *spising om ei viss form for eting. Eit liknande grep er innføringa av klipper i nynorskbibelen (for berg/fjell og andre namn på slike formasjonar som vi finn i norske stadnamn).

Vekslinga mellom stenking og skvetting i 2011-omsetjingane fylgjer ikkje nokon klår stilistisk logikk, så stilvekslinga (eller stilbrotet) er nok ikkje tilsikta. Det er truleg berre ein biverknad av freistnaden på å gje att eit skilje mellom to ulike ord i grunnteksten.


 

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.05.2023 | Oppdatert:31.05.2023