Forkorting av prosentpoeng?
Finst det ei korrekt forkorting av prosentpoeng?
Du kan bruka pp. (eller pst.p.).
Det står ikkje noko om dette i Norsk forkortingsordbok, og det finst heller ingen klår tradisjon for dette på norsk. Men behovet for ei forkorting er klårt nok, og pp. er stutt og praktisk. Pst.p. kan heller ikkje vera gale når prosent kan forkortast pst.
Forklar gjerne forkortinga fyrste gong ho står i teksten, slik: «… prosentpoeng (pp.) …».
Prosentpoeng heiter òg prosenteining (bokmål: prosentenhet). Det må vera mogleg å nytte pp. og prosenteining/prosentenhet i same teksten.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).