Fnatt
Eg får snart fnatt om ingen kan forklare meg kva ordet fnatt kjem av!
Fnatt er eit inkjekjønnsord som tyder ‘skabb’.
Skabb er ein hudsjukdom som kleiar (klør). Skabbmidden, som valdar sjukdommen, har òg vorte kalla klåmakk og åtar.
Frasen «til å få fnatt av», tyder ‘svært irriterande’, ‘til å bli tullerusk av’. Ein kan òg seia at ein får makk/mark eller klåe/kløe av noko.
Fnatt er òg brukt i dansk og svensk på liknande vis.
I litteraturen (sjå nb.no) ser det ut til at det konkrete fnattet forsvann fleire tiår før frasen til å få fnatt av var vanleg i 1960-åra, så her har det truleg anten vore ein munnleg understraum, eller så har fnatt kome inn att frå dansk.
Her er ordet i Det Norske Akademis ordbok: fnatt. I Ordbog over det danske Sprog står det under fnat; legg merke til det fullstendige uttrykket få fnat på hjærnen.
Nedanfor er eit utklipp frå Norsk Ordbok (merk at det overførte uttrykket manglar der):
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Merk at den lange teksten er for dei ekstra interesserte og tolmodige. I dei fleste artiklane finn du eit kort svar i ingressen, altså det fyrste avsnittet, som står med feit skrift. Vi rår frå å hoppa over det.